Jump to content

User:Marierauland

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki

Eg er Marie Nicolaisen, fortida frilans kulturhistoriker busett i Oslo.

Kulturhistoriker i hug og hjarte, og særlig opptatt av visuelle representasjonar og historisk sjukdom, men også naturmystiske vesen, byggeskikk, norkdomsrørsla og trolldomsprosessane. Meiner alle eigentleg er interessert i (kultur)historie, men at alle ikkje har fått auga heil opp. Brenn for kunnskapsformidling, digitalt og analogt, og å knuse myter om "livet i gamle dagar".

Er opphavleg frå Rauland i Telemark, men har vore i landflyktighet i inn og utland snart heile livet. Eit bygdemenneske som også elskar storbyen. Har i løpet av dei siste 15 åra vore aktiv i det frivillige kulturlivet, mellom anna i Bondeungdomslaget i Oslo, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkeminnelag og Norges kulturvernforbund.

Er frå 2022 styreleiar i Wikimedia Norge og gler meg til å bli kjent med organisasjonen og også kunne drive meir wikiarbeid under livsmottoet #kulturhistorietilfolket.