Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 52, 2006
Appearance
Christian II eller i Noreg ofte skrive Kristian II (1. juli 1481–25. januar 1559) var ein dansk-norsk og svensk konge av slekta Oldenborg. Han er også kjend under tilnamnet Kristian Tyrann.
Christian II vart fødd i 1481 på Nyborg Slott som son av kong Hans. Han var dansk-norsk konge i perioda 1513–1523 og svensk konge 1520–1523. Før Christian kom på trona, hadde han vore visekonge i Noreg i 1506–1513. Her lærde han norsk lynne å kjenna og dei norske stormennene lærde kva Christian sto for, nemleg ei klar anti-aristokratisk linje. Målet var å setja det norske riksrådet ut av spel, slik at han fekk full kontroll over landet og dermed fekk styrka kandidaturet sitt ved det komande kongevalet. Les meir…