Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 32, 2005
Appearance
Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei.
Nikolai Astrup budde i Jølster, og henta dei fleste av motiva sine her. Astruptunet er det best kjende museumet i kommunen.
Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg omlag 200 moh. Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm. Les meir...