Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 22, 2005
Appearance
Baron Audun Hugleikson Hestakorn (f. 1240-åra, d. 2. desember 1302) var ein stormann i kongeriket Noreg på 1200-talet. Han vert rekna som ein viktig politikar og jurist for si tid, og ein trur han hadde ei sentral rolle i utforminga av det norske lovverket i mellomalderen (Landslova, Bylova og Hirdskrå). Frå 1280 fram mot årtusenskiftet fekk han stadig viktigare stillingar i statsleiinga. Mellom anna hadde han eige sete i kongens råd, tenestegjorde som stallare ("advokat"), fehirde ("skatteminister") og bar tittelen baron.