Jump to content

Fundraising 2011/Thank You Mail/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Translation instructions
  • For pages marked "Missing" or "In progress", click the page title and start translating. When you are done, click "edit status" and change the status to proofreading.
  • For pages marked "Needs updating", compare the page to the source page and update the translation accordingly. When you are done, click "edit status" and change the status to proofreading.
  • It is important to have someone else proofread the translated page! If you have proofread a page and it is ready for publication, click "edit status" and change that page's status to ready.
  • If you are changing something that has already been published, change its status back to ready for it to be published again.

If you have any questions or feedback regarding the translation process, please post them here. Translation FAQ

Kjære [donor name]

Du er fantastisk! Tusen takk for bidraget ditt til Wikimedia-stiftinga.

Slike folk som du, som gir 50, 200 eller 500 kroner, er dei som betaler rekningane våre. Den gåva eg tykte best om i fjor var på 5 britiske pund, og kom frå ei lita jente i England. Ho hadde overtydd foreldra om at lommepengane hennar skulle sendast til Wikimedia-stiftinga. Det er folk som du, som gjer felles sak med denne jenta, som gjer det mogeleg for oss å halde fram med å tilby enkel og gratis tilgang til balansert informasjon over heile verda. Informasjonen er tilgjengeleg for alle som betaler for den, men like mykje for dei som ikkje ser seg råd til å yte noko.

Eg veit at det er lett oversjå appellane våre. Derfor er eg glad at nettopp du ikkje gjorde det. Frå meg sjølv og alle dei ti tusenvis av frivillige som skriv for Wikipedia: takk for at du hjelper til med å gjere verda til ein betre plass. Vi skal bruke pengane dine på ein fornuftig måte, og like mykje takk for at du stolar på oss.


Takk skal du ha.

Sue Gardner

Administrerande direktør

Wikimedia-stiftinga


Reservasjonsknapp

Vi vil gjerne ha deg som ein bidragsytar som er oppdatert om aktivitetane i stiftinga, og om kva som vert gjort for å samle inn pengar. Om du likevel ikkje ønskjer å ta imot slike e-postsendingar frå oss, kan du berre klikke på knappen ovanfor, og vi skal ta namnet ditt vekk frå lista.


For ditt personlege arkiv: Gåva di til Wikimedia-stiftinga den [ ] var stor kr. [ ].

Dette brevet kan tene som prov for gåva di til Wikimedia. Det vart ikkje gitt noko til gjengjeld, korkje heilt eller delvis, for dette bidraget. Wikimedia-stiftinga er ein velgjerande organisasjon med skattefritak i USA. Adressa vår er 149 New Montgomery, 3dr Floor, San Francisco, CA 94105.