Wikimedia Foundation elections/Board elections/2005/Candidates/nn
2005 Val til styret i Wikimediastiftinga |
---|
Organisasjonsrelaterte sider |
|
Her kan kandidatane for valet til styret i Wikimediastiftinga presentera seg sjølve. To styremedlemmer skal veljast for ein toårsperiode.
Dersom du ønskjer å stilla til val må du ha meir enn 400 redigeringar på eitt av Wikimediaprosjekta, og den første må ha vore meir enn 90 dagar før 30. mai 2005 klokka 00:00 (UTC).
Ein kan ikkje stilla til val anonymt, så du kan berre stilla til val dersom du er viljug å offentleggjera identiteten din. Kandidatane er nøydde å identifisera seg sjølve til anten User:Danny, User:Aphaia, User:BjarteSorensen eller User:Datrio dersom dei ikkje allereie har gjort dette i førre styrevalet. Me tek kontakt med dykk med meir informasjon om dette. Dei kandidatane som har fått identiteten sin stadfesta kjem til å ha ordet stadfesta ved namnet sitt.
Kopier malen under og fyll inn med rett informasjon. For å unngå at nokre kandidatar vert favoriserte bed me dykk om å lista namnet ditt alfabetisk (i følgje Unicode Collation Algorithm) etter brukarnamn.
Du kan leggja inn innlegget ditt på kva språk du vil, men me rår dykk til å leggja det ut på engelsk i tillegg til andre språk. Innlegget må ikkje vera på meir enn 1 000 bokstavar på noko språk. Friviljuge Wikimediaomsetjarar kjem til å omsetja innlegget til andre språk, og me vil gjera vårt beste for å sikra at alle innlegga er tilgjengelege på så mange språk som mogleg.
Eksempel
[edit]Legg informasjonen din under kandidatbolken under basert på det følgjande eksempelet:
=== [[User:Brukarnamn]] === '''Brukarnamn:''' ~~~ '''Namn i røynda:''' xxxxx xxxxx '''Opphaldsstad:''' City, Country '''Brukarside(r):''' xxxxx '''Wikimediabrukar sidan:''' xxxx '''Prosjekt eg deltek i:''' xxxxx, xxxxx, xxxxx '''Språk eg deltek med:''' xxxxx, xxxxx, xxxxx '''Lenkje(r) til brukarbidragsside(r):''' xxxxx, xxxxx, xxxxx '''Kandidatinnlegg:''' (ikkje meir enn 1.000 bokstavar) '''Spørsmål kan stillast her:''' xxxxxx