No.wikinytt Wikinytt:nn:Skriv ein artikkel
This page is kept for historical interest. Any policies mentioned may be obsolete. If you want to revive the topic, you can use the talk page or start a discussion on the community forum. |
- Please see no.wikinews.org (bokmål) or incubator:Wn/nn (nynorsk) instead.
WikiNytt er nyhendekanalen der alle kan vere med å fastsetje dagsorden - du òg!
Det er veldig enkelt; skriv tittelen på den nye artikkelen du ønskjer å skrive inn i tekstboksen nedanfor, og trykk på "Lag side".
"19.12.05 - Sau skada i Jølster Skisenter sitt årlege slalomrenn"
Når du trykkjer på "Lag side" får du opp ei nesten tom redigeringsside. Det einaste som står på sida er tittelen du skreiv inn i tekstboksen tidlegare. No kan du byrje å skrive artikkelen. Nedanfor har vi ført opp nokre punkt ein kvar artikkel bør ha med.
- {{dato}}-merket
I WikiNytt vert artiklar kategoriserte på mange måtar, mellom anna etter opprettingsdato. Datomerket plasserar artikkelen din automatisk i rett dato-kategori.
Bruk merket sånn: {{dato|dd. månadsnamn åååå}} (Det vil sjå sånn ut i artikkelen: 27. December 2024)
- {{nn:arbeid}}-merket
Det her merket viser til andre brukarar at nokon arbeidar med artikkelen. På den måten slepp vi endringskonflikter.
Når du tykkjer artikkelen er ferdig kan du byte ut det her merket med eit {{leggut}}-merke, for at artikkelen skal leggast i kategorien for ferdige artiklar.
- == Kjelder ==
Det er oftast ein fordel å vise til kjelder som kan underbyggje påstander gjorde i artikkelen, jamfør nøytralitetsprinsippet.
Under den her overskrifta kan du ramse opp alle kjelder.
Ingen av desse punkta er obligatoriske, og du står heilt fritt til å eksperimentere med sida og artikkelformateringa! Men hugs at det er visse krav (som til dømes kjeldetilvising og nøytralitetsprinsippet) som lyt oppfyllast før ein artikkel kan publiserast.